Send gjerne ei sommarhelsing!

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Jul 2025

 

Mange nyt sommaren langt borte frå sine daglege basar

 

Utøvarane fortel på Strava kvar dei er. Såleis er det lett å halde seg oppdatert. Men trenar gjer dei, somme til og med meir enn om dei hadde vore heime. Ei ørlita oversikt viser at:

Hellas: Njål Torillson Tyssing

Spania: Constantin Rust og Erik Skotheim

Italia: Mathilde Sofie Hole

Kypros: Øystein Bakke

 

Anten du er i utlandet eller i Farsund (som Svein Arne Nakken), eller på Stampesletta (som Malin Berge), eller kvar som helst i verda – set nettsida vår pris på ei lita sommarhelsing. Den treng ikkje vere lang, men eit foto og nokre ord til:

atlehole@online.no

 

PS. Vi gratulerer vêrspåmann, Ivar Hol, med stor suksess med årets sommarvêr. Han spådde det skulle bli dårleg fram til 5.juli. Då skulle det snu og vi skulle få 14 dagar med sommarvarme. Den ser ut til å gå rett inn. Vidare sa han at deretter vart det ein bolk med dårleg vêr att, før det på nytt vart fint frå kring 20.august.

 

Nyt helga!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.