Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Jul 2025
Arkivfoto 2024
68 fullførte det individuelle løpet på kring 500 km og 15-16 000 høgdemeter.
Då er det over for i år, Oslo-Bergen Trail. Eit «løp» der deltakarane legg bak seg 502 kilometer og ein stad mellom 15-16 000 høgdemeter. Den som les VIL-deltakar Hilmar Kråkenes sin rapport, vil få eit godt innblikk i kva dette dreier seg om. Vår mann gav seg ved Krækkja servicepost etter kring 260 km grunna problem med venstre fot. Då hadde han brukt 3.17.59.51 (3 døgn, 17 timar, 59 minutt og 51 sekund). Ikkje mindre enn 34 personar hadde fått DNF (did not finish) bak namnet sitt i det lengste individuelle løpet før Hilmar gjorde.
Her er resultata frå det individuelle løpet Oslo-Bergen Trail 2025:
1. John F.Jahre, Tjøme Løpeklubb, 5.05.21.30 (M 35-39)
1. Eivind Svellingen, Salomon Norge, 5.05.21.30 (M 40-44)
3. Lasse Ringkilen, Nord-Odal IL, 6.03.11.48 (M 25-29)
10. Espen Avset Fredriksen, Averøy Løpeklubb, 6.17.48.02 (M 40-44)
14. Gro Siljan Hjukse, Salomon Norge, 6.23.25.22 (K 40-44) – beste kvinne
35. Harald Ringdal, Fysio4, 7.14.08.11 (M 45-49)
49. Odd Edøy, Sunndal, 8.05.38.00 (M 65-69)
68. Jørgen Strand, Otto Olsen, 9.12.30.36 (M 45-49) – siste fullførande
Totalt i det individuelle løpet på 502 km:
68 fullførande
48 DNF
9 DNS
3 OOC
Så seier rykta at mannen som vart nummer 35, Harald Ringdal, er sykkylving av opphav. Vel mogleg det, men i så fall kunne han ha profilert heimbygda si betre. Harald representerte noko som heiter Fysio4, som fortel null og niks om kvar ein høyrer heime.
All ære til nordmøringane Espen Avset Fredriksen (Averøy Løpeklubb) som vart nummer 10, og ikkje minst Odd Edøy (Sunndal) i klasse M 65-69 som vart nummer 49 av heile hurven.
Og at det er mogleg å ta seg til fots frå Oslo til Bergen på 5 døgn og 5 timar er smått utruleg – men så var det også ny løyperekord med god margin. Alle som gjennomfører dette innanfor tidsfristen, er prestasjonar det står ovstor respekt av.
Hilmar sin tankar frå turen.
På veg til Bergen (08.07.25) To kviledagar i Kinsarvik med Kenneth Bjørkheim. Det var mykje
soving og inntak av næring. Venstre fot begynner hevelsen å gå tilbake. Eg håper og trur at eg stoppa
i tide. Før løpet sa eg: Aldri støtt meg visst eg vil avbryte berre fordi eg er sliten eller/og trøtt. Berre
skade skal stoppe meg.
Fyrste tankar om løpet:
Det er utan tvil det råaste eg har vore med på. 260 km på 3 døgn, 17 timar, 59 minutt og 51 sekund.
10 timar søvn totalt. Frå å føle seg bra til å bli skikkeleg destruktiv med seg sjølv. Uansett korleis eg
følte: La beina gå!
Det blei mykje læring på turen, som eg tar med meg neste gong.
1 a)Totalt vekt på sekk var 10-12 kg. Omlag 4-6 kg tyngre enn snittet vil eg tru. Fekk fleire
kommentarar at sekken min var veldig veldig veldig tung Eg vil vere såpass frisk å påstå at tyngden
var hovudgrunnen til at eg måtte bryte.
1 b) Organiser sekken og dropbaggen godt. Er vanskeleg å øve på, men greitt å tenke igjennom kva
du trenger oftast. Det er for eksempel lite gunstig å legge mat nederst i sekken. Sjekk vêret før du
pakker. Gjerne ha regnklede lett tilgjengelege visst det er utrygt vêr. Ull visst det er kaldt osv. Eg fekk
betre og betre kontroll over utstyret i sekken utover løpet.
2. Sko! Neste gong blir det sko, som ikkje eg kjenner kvar stein eg gikk på
3. Mat! Ha meir salt mat, ha meir protein og fett. Likevel blei mat aldri eit problem, berre at
variasjonen kunne vore betre.
4. Ikkje safe for mykje med utstyr. Eg hadde med meg ekstraklede, medisinsk utstyr, store
powerbank og anna utstyr som aldri blei brukt. På eit område kan du overdrive. Sokkar! Ta med i
mengde.
5. Stavar! Det må du ha med. Bruk dei heile tida.
6. Søvn! Utnytt kviletida. Få deg 2-4 timar søvn i døgnet. Dette fungerte bra for meg. Bortsett frå ein
gong dei vekket meg 2 timar før tida. Den sleit eg med å ta igjen. Måtte sove 45 minuttar på fjellet på
økt 4.
7. Ikkje gå fort! Sjølv om nokre kjem seg frå Oslo til Bergen før du får tenkt deg om, så er det ein
heftig prestasjon å komme til Bergen uansett om du bruker 5 eller 9 dagar. Det er utruleg kor mykje
du får lagt bak deg med ein fart på 3-4 km i timen. Med den farten kommer du til Bergen lenge før
fristen på 9,4 døgn
8. Respekter dei andre! Vi er alle inne i vår eiga boble.
9. Kva var eg god på?
Eg var god på å skifte klede etter forholda!
Eg var god på å halde meg varm, då forholda kravde det.
Eg var god til å halde kroppen «kald», når det var varmt.
Eg var god på å gå roleg!
Eg var god på å vere positiv (dette er ikkje mine ord, men nr.152)
Eg var god på å ikkje bli irritert når eg ikkje fant ting i sekken min, eller at eg visst at
det låg nedst i sekken.
Heldigvis høyrde eg på kroppen min. Det var heilt riktig å bryte løpet ettersom
venstre fot/legg berre blei vondare og vondare, dei siste 15 km før Krækkja. Har ikkje
lyst å øydelegge sesongen vidare.
10. Eg fekk mykje meldingar i løpet av dagane eg var ute i felten. Det var til stor inspirasjon. Eg hadde
ikkje moglegheit å svare alltid. Trur/veit at det ikkje var forventa at eg gjorde det heller. Tusen takk til
alle som var med å heia på meg. Utan dykk hadde løpet blitt mykje meir krevjande.
11. 152 (Bjarne Brynning)! Tusen takk for dei 30-40 timane vi fekk saman. Du gjorde turen lettere for
meg. Eg veit ikkje kva som skjedde etter Jokeren på økt 3, men du var heilt klar! No går vi vidare og
du heldt deg i front fram til vi var på Vasstulan. Du veit! Vi må jo halde fart for å greie fristen . 152
held fortsatt godt driv og er godt framfor fristen
12. Åse Maria Lien! Kva skal eg seie, Åse Maria? Du var med meg heile vegen den/dei siste
timen/timane då eg visste eg skulle bryte løpet. Klokka var vel 00:00-01:30. Eg sleit med foten, eg var
glad, eg var lei meg, eg snakka om å aldri bli med på slike ting i framtida. Du holdt opp motet mitt,
slik eg kom fram til servicestasjonen på Krækkja. Takk for at du alltid støtter dei sprø ideane mine.
Ikkje berre at du støtter meg, du blir likevel ivrig i planlegging. Kanskje meir ivrig enn meg
13. Blir det OBT2027 på meg? Veit at eg sa aldri meir. Jaja! Kven veit?
Tusen takk til SportS Måløy som sponsa mykje av utstyret
Tusen takk til alle dei som vippsa meg pengar kom inn nesten 10.000 kroner
Tusen takk til Velledalen IL som sponsa utstyr og pengar til turen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025
Ålesund Sommarkarusell i kveld (9.juni)
09.07.2025

Oslo-Bergen Trail stoppa på Krækkja
07.07.2025