Smånytt frå Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Jul 2025
I dag med ein hyllest til Pernille, Marita og Ivar Arne
Sist helg var to velledalingar i aksjon på sykkelsetet i noko som heiter så fint som «Atlantic Gravel», sykkelritt i området Bud/Hustadvika. Distansane var 80km og 140 km og deltakinga god etter lokale forhold. Vi synest det er flott av Pernille Linga å stille i eit så langt ritt (80 km), og ho vart klassevinnar i klasse K 17-19. I ein slik debut var det nok trygt å ha faren, den rutinerte syklisten Per Steinar Linga, i nærleiken. Han kryssa mållina sekundet bak Pernille, i klasse M 50-59 som talde heile 22 fullførande.
Så gjer vi eit byks til Sverige, nærare bestemt Borgholms kommun. Der vert det arrangert eit ganske så stort løp som heiter Victorialoppet. Og på Strava skriv VIL-utøvar Marita Bjørkelid Andreassen:
- Når det er løp i byen vi er på ferie i, er det berre å hive seg med i varmen. Mykje folk!
Vi veit ikkje plasseringa, men ser på Strava at Marita hadde startnummer 1389, så dette er ganske svære saker. GPS-mlinga viste at Marita sprang 4,05 km med ei fart på 5,00 minutt per kilometer og dermed ei sluttid på 20.16 (nesten som eit Konradløp).
Frå Sverige hoppar vi til Hornindalsvatnet Maraton, som vert arrangert 26.juli, med distansane miniton, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Tradisjonelt stiller Velledalen IL med ein fyldig tropp her. 15.juli klokka 20.00 hadde den samla påmeldinga kome opp i 36 namn. Åleine hittil frå Velledalen IL, Ivar Arne Flo, som stiller i miniton – trim. Flott gjort av Ivar Arne, ein herremann som har passert 80 år, å stille. I yngre år sprang Ivar Arne både heilmaraton og stafettar. Det var nemleg han som måtte springe to etappar eit av fyrste åra Velledalen IL var i Holmenkollstafetten (kring 1980). Personen Ivar Arne skulle veksle med, hadde fått klokkesvikt og var ikkje tilstades då pinnen kom. Arrangøren hjelpte med ein stol i vekslingsfeltet for å speide etter den bortkomne løparen, men det enda med at Ivar Arne Flo måtte leggje ut på ein ny etappe.
Vi vonar rett mange stiller i Hornindal, eitt av dei lokale løpa som har vore leiande på premiering!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025
Ålesund Sommarkarusell i kveld (9.juni)
09.07.2025