Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Jul 2025
Arkivfoto frå Stranda 2024
To deltakarar frå Velledalen IL, Ole Martin Korsnes og Frank Andersen av kring 180 fullførande.
Sidan årets Mefjellet Opp hadde innlagt NM i motbakkeløp, fekk løpet eit kraftig deltakarløft. Kring 200 hadde meldt seg på, om lag 180 kom til mål i sprengvarme etter å ha pressa kroppen i mellom 1000-1100 høgdemeter. Ringreven, Johan Bugge frå Eidsvåg IL vart herrevinnar, medan Karoline Holsen Kyte, Førde IL, fekk best tid av kvinnene
Her er nokre resultat frå NM-motbakkeløp 2025:
1. Johan Bugge, Eidsvåg IL, 42.25
2. Jeppe Aaskov Pallesen, 42.57
3. Per-Christian F Grieg, Varegg, 44.07
15. Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, 48.52
21. Karoline Holsen Kyte, Førde IL, 50.10 – beste kvinne
30. Elias Helset, Sunnylven IL, 53.40 – beste sunnmøring
108. Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 1.05.51
169. Frank Andersen, Velledalen IL, 1.33.48
Odd Jarle Døving, Valldal IL, (M 70-74) og Ole André Lukkedal (no Ravn IL – M 50-54) vart klassevinnarar. Vi nemner vidare at Morten Holmberg sin klubb, Vik IL, fekk to klassevinnarar, i K 60-64 og K 50-54, i klasser løparar frå klubbar som Stranda IL og Velledalen IL kunne vunne om rette løparane hadde mønstra til start. Og vi skal ikkje gløyme at Gulay Kar (Sykkylven), fersk som løpar, tok ein fin 7.plass i klasse K 35-39 på 1.37.58
STRAVA-kommentarar:
Ole Martin Korsnes – Lunch Trail Run:
- Ikkje heilt dagen I dag. For varmt for ny pers. Skylda på 8 daga i Italia (ska no leve litt også). Må femdoble distansen, så kanskje eg kunne klatra litt på lista. Svært felt sidan det var NM-løp. Tid: 1.05.51. Måtte vente på tida, brikka registrerte ikkje på målgang.
Frank Andersen: Mefjellet Opp – og ned igjen!
- Forferdeleg varmt, så det vart ein god del gåing
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025