Øystein Vikingsen Fauske på kjendislista
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Mar 2024
Birken skriv på sine organ: «Deltagere verdt å merke seg»
På denne lista skriv arrangøren om ei rekkje kjendisar som stiller til start i Birkebeinerrennet, sundag 17.mars.
Dei nemner trioen Jon Almaas, Silje Nordnes og Emil Gukild, kjende frå fjernsyns-skjermen. Vidare skriv dei at Daniel Berg Hestad stiller, mannen med flest kampar for Molde FK, og truleg også i norsk eliteserie i fotball. Vidare stiller Espen Rostrup Nakstad, vår alles pandemilege frå helsedirektoratet. Det same gjer Carl Erik Torp, fotball-spelaren som fekk hjartestopp under kamp og som no figurerer som ekspert-kommentator. Eldste deltakar 17.mars vert Anders Porsanger, ein mann på 90 år som stod fram i Norge Rundt som kråka sin beste venn. Elles på lista finn vi ein kar ved namn Øystein Vikingsen Fauske, CEO i Devold, og debutant står det å lese. Lista er lang, men vi kan vere stolte av at Øystein er funnen verdig ein plass på lista saman med mellom andre«Pølsa» Pettersen, Hilde Gjermundhaug Pedersen, Lars Berger, Olaf Tufte og Petter Northug jr.
Velledalen IL er ikkje i tvil. Vi heiar på Øystein i dette rennet!
PS.
Diverre stiller ikkje Constantin Rust til start. Han melder på Strava at rennflyttinga frå laurdag til sundag gjer det umogleg å stille, då han reiser til Malaga på den nye renndagen
- Neste konkurranse for min del vert truleg PåskeKonrad, skriv Constantin.
Vi kjem tilbake med nærare kunngjering, men den vert truleg arrangert på føremiddag onsdag 27.mars.
PS 2.
Denne saka kom på trykk etter tips frå alltid årvakne Svein Helge Hjorthol. Stor takk til han!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025