Torstein Hole nummer fem i Reistadløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2024
Få lokale løparar har gått Reistadløpet – 50 km frå Setermoen til Bardufoss
Men i dag gjorde Torstein Hole turen. Torstein (67) representerer Emblem IL, men vart KM vinnar for Velledalen IL i 1974 over 3x5 km juniorstafett. Tidlegare i vinter gjorde Torstein ein glimrande prestasjon under Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer, med topp-10 plassering i klasse M 65-69.
Det kan sikkert seiast mykje bra om Reistadløpet, men det er direkte svakt av eit så stort renn å ikkje operere med turklasser i femårs-intervall. Difor måtte Torstein gå i klasse 61-70 år, altså mot løparar seks år yngre enn han sjølv. Det betyr normalt sett mange minutt i så vidt høg alder og lang løype.
Resultat Reistadløpet klasse M 61-70, arrangert laurdag 6.april (dei ti beste):
- Arnulf Bekkevoll, Dølaski, 2.36.21
- Trond Lome, Kams Kjeller, 2.47.43
- Ole Christensen, Kams Kjeller, 2.51.37
- Runar Moseby, Kjelsås IL, 2.55.58
- Torstein Hole, Emblem IL, 2.57.46
- Odd Arild Nordseth,Sulland Bardufoss, 3.00.28
- Roman Koucky, Tsjekkia, 3.04.31
- Trond Inge Carlsen, Rustad IL, 3.05.36
- Sigmund Salamonsen, Storsteinnes IL, 3.08.31
- Kurt Olsen, Storsteinnes IL,3.19.20
PS. Torstein Hole har opphavet sitt på farssida (Torleiv) frå Knutgarden på Hole. Drivaren der i dag, Torild, er systera.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025