Drammen: Slik ser topp-10 ekteparet ut
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Apr 2024
Roger og Elisabeth imponerte stort i Drammen.
Dei varma opp med påskeKonrad i Velledalen. I tillegg til ekteparet deltok dottera, Andrea, og svigersonen, Martin. Konradløypa gjorde Roger unna på sterke 19.24 etter ein knallahrd duell mot Luise Rust (19.23). Elisabeth krusa inn til 22.10. Med andre ord: 2.46 minutt etter ektemannen på 4,45 km. Men det aller viktigaste for Roger; han slo familierekorden til eldstebror Bjørn
Difor var det venta at avstanden mellom Roger og Elisabeth skulle bli minst fem minutt i Drammen. Men dei som trudde det tok skammeleg feil. Roger gjorde fine 45.41 på 10 km, Elisabeth knallsterke 49.08. Avstanden vart altså fattige 3,27 minutt. Vi reknar med at mellomste bror Åge har konkludert med at Elisabeth er ein større «Stayer» enn Roger på lange distansar.
Uansett; Velledalen IL er stolte av ekteparet som vart nummer to (Elisabeth) og ti (Roger) i ei stormønstring som løpet i Drammen trass alt er (4000 påmelde). Om ikkje før, så skal dei i aksjon igjen under Oslo halvmaraton på seinsommar/haust 2024. Før den tid vert det sikkert både o-løp og triatlon. Vi seier tvi,tvi, og lukke til med sesongen på alle frontar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025