Konradløpet 2024: Førebels tre over 80 år
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Apr 2024
I eit normalår vil Konradløpet samle 5-8 utøvarar over 80 år. Talet hittil for 2024-løpet er 3.
Konradløpet sine 20 utgåver hittil har hatt to utøvarar over 90 år på startstreken – Tomas Tandstad og Kjellaug Ulset. Harald Relling og Paul Hole deltok som 89-åringar, Magnus Ødegård som 88-åring. Såleis kan vi trygt slå fast at løpet har hatt mange som har fylgd i spora etter Konrad – mannen som fekk sitt eige løp etter han gjekk bort som 90-åring. Konrad sitt sportslege liv strekte seg i hovudsak i tidsrommet han var mellom 75-90 år. Denne perioden trena han mykje på heimleg grunn i Velledalen, og han hadde fleire deltakingar i Ålesund Maraton (halvmaraton var Konrad sin distanse). Siste gong som 88-åring.
Dei tre påmelde i klasse 80+ til Konradløpet 2024:
Jarle Konrad Fausa
Jarle Bjørkavåg
Kjell Arne Brunstad
Kjell Arne Brunstad er 1944-modell og yngst i trioen. Det vert fyrste gong Kjell Arne kan menge seg med gjengen 80+. Verdt å merke seg at Kjell Arne etter årets løp vil vere mellom dei som stig fram på scena for å få løpet sin 20 år premie. Ein pris kona hans, Ellinor, fekk i fjor.
Jarle Konrad Fausa er eldst i trioen. Han vert 84 år i mai 2024. Jarle skal ha 15 års premie etter årets løp. Midt mellom desse to i alder har vi Jarle Bjørkavåg. Han har bok full, og har ikkje skofta eit einaste Konradløp. Han var såleis mellom dei som fekk 20 års premien i fjor.
Sidan vi har knappe tre veker att til løpet håper vi at talet utøvarar over 80 år minst vil doble seg. Og at begge kjønn vert representert på scena når veteranane skal heidrast.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025