Velledalen IL sin siste skihoppar fyller 80 år

Postet av Atle Jomar Hole den 13. Apr 2024

Hoppsporten har lange tradisjonar i Velledalen IL. I etterkrigsåra (1946-1950) blomstra all idrett. Skiidretten her lokalt var denne tida mellom anna prega av to dagars bygdameisterskap, der både hopp og langrenn stod på programmet. Og den gongen måtte ein vere vaksen (15 år eller meir) for å delta. Desse bygdarenna samla gjerne 40-50 utøvarar i langrenn, litt færre i hopp, og nokre ganske få prøvde seg i kombinert.

 

Det er i år 75 år sidan det lengste ståande skihoppet av ein utøvar frå Velledalen IL vart levert. Magnar Fet «flaug» i 1949 ikkje mindre enn 53 meter under eit renn i Hornindal. Så kom dei to storrenna i Brunstadbakken, i 1962 og 1965. I 1962 vann kombinert-verdsmeister same år, Arne Larsen, rennet, medan det i 1965 møtte fleire landslagshopparar. Johan Flytør vann føre Hans Olav Sørensen.

I 1962 representerte Olav P. Hole og Rolf Lødøen Velledalen IL, medan Arne Wullum hoppa for Sykkylven IL. Lengste hoppet i Brunstadbakken i 1962 var 56,5 meter (Arne Larsen).

Før rennet i 1965 vart unnarennet i bakken justert for at det skulle kunne hoppast lenger. Og det gjorde Hans Olav Sørensen med 60,5 meter ståande. Rennet vart kanskje best hugs for Hans Jørgen Næss sitt prøvehopp på 65,5 meter. Det enda i fall og broten fot. Olav P. Hole og Arnold Bolstad representerte Velledalen IL under 1965-rennet, Arnold Lyshol hoppa for Sykkylven IL.

Men ingen VIL-hopparar hoppa så langt under konkurranse i Brunstadbakken som Magnar Fet gjorde i Hornindal.

 

Neste år, i 2025, er det 60 år sidan sist Brunstadbakken var preparert. Den ligg der den dag i dag, men som eit heller trist syn. Absolutt ingenting tyder på at eit av dalen sine største sportslege kulturminne ligg i den attgrodde skråninga.

 

Etter Brunstadbakken sitt «fall» fann Velledalen IL nye bakkar. Siste delen av 60 -åra var det bakken i Bjørn Ove Hole sitt beite i Hole-marka som vart nytta til renn. Her var det mellom anna områderenn (for heile Møre og Romsdal) i 1967. I største bakken vart det hoppa kring 40 meter. I åra mellom 1965 – 1969 var det blomstringstid for hoppsporten i Velledalen, med særleg mange gute-hopparar. Men i Ladalen låg ein trugsel mot hoppsporten dei færraste kjende krafta av. I 1969-1970 kom alpinanlegget i Ladalen, og for hoppsporten sin del vart det som å slå av ein brytar. No skulle brått gutane som tidlegare hadde hoppa, dragast opp lia av eit trekk for så å renne ned på alpinski. Sutalaust!

 

Einaste skihoppar som overlevde denne «farsotten» i Velledalen IL var Ståle Petter Ødegård. Han var fødd i 1959, og heldt det vel gåande som hoppar om lag fram til konfirmasjonsalderen (1974).

 

Så fylgde fleire tiår med smalhans for hoppsporten i Velledalen IL. Og eigenleg er det Sykkylven IL å takke at vi om lag midt på 2000-talet fekk ein ny hoppar. Sykkylven IL fann at dei ville utvide stadion. Og dei ville ta høgde for spel på nivå tre i norsk fotball (sa dei sjølve), og dermed måtte friidretten vike plass. Dette skapte uro og oppøsing i friidrettsgruppa. Stadion vart utvida, løpebanene fjerna, men prisen SIL måtte betale var at eit par handfulle personar melde overgang frå SIL til VIL. Dette i hovudsak friidrettsfolk og personar som dreiv skisport.

      Slik kom Jan Ringseth inn i Velledalen IL. Han hadde i fleire år vore aktiv veteranhoppar i Sykkylven IL saman med Arnt Kato Eidem. Mellom anna reiste rundt i verda på VM for veteranar. Der hevda dei seg godt. Og slik har det seg at Velledalen IL har eit fint knippe VM-medaljar for veteranar i hopp, alle kvittert ut av Jan Ringseth.

 

Og Jan hoppar enno. Ikkje så ofte som før, men han hoppar. I bakkar med kritisk punkt på 25 meter. Av og til heilt opp i 40 meter. For nokre år tilbake hadde Velledalen IL ein lovande gutehoppar i Jonny Mauren. Ein potensiell arvtakar til Jan. Ungguten hoppa langt opp på 30-talet. Men miljøet vart lite, og hoppinga såvidt sporadisk, at Jonny sine hoppski, ja, dei er no faktisk selde.

 

I dag, laurdag 13.april, fyller Jan Ringseth 80 år. Skal nokon frå Velledalen IL gjere eit skihopp på minst 10 meter i 2024-sesongen trur vi det må bli Jan. 80-åringen, Jan! Han var med på stor dugnads-innsats i Spjelkavika då plastbakkane der vart bygde. Såleis kjenner han bakkane ut og inn. Plastbakkar. Bakkar som ein slepp preparere i timesvis før ein kan setje utfor. Om Jan Ringseth har hoppa sitt siste hopp er det også ei kurant sak. I ein alder på 80 skal han ikkje trenge kjenne på eit slikt press.

 

Men på vegne av idrettsvener i Velledalen IL gratulerer vi Jan med 80 års dagen, og takkar for hans enorme bidrag til lokal hoppsport!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.