Konradløpet 2024: Sport 1 Focus Sport god sponsor.
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2024

Som vanleg vert startnummera i hovudløpet sponsa av Sport 1 Focus Sport i Sykkylven
Og dette er viktig; TA VARE PÅ STARTNUMMERET DITT ETTER LØPET!
Fordi: På baksida av nummeret står at du ved ein komande handel (i løpet av 2024) ved Sport1 Focus Sport får ein viss prosentsats i rabatt. Dette kan utgjere ganske mykje pengar om du handlar meir enn eitkvart lite.
I tillegg er det same firma som har halde Konradløpa med start/målsegl siste åra. Dette seglet er alt kome i Velledalen IL sine hender, og skal leverast tilbake straks etter siste løp
Sport1 Focus Sport har i ei årrekkje vore ein viktig støttespelar bak suksessen til MiniKonrad og Konradløpet.
Velledalen IL er takksame for velviljen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025