Espen dokumenterte form i Oslo
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Apr 2024
Etter fem kilometer låg Njål og Espen i lag, men så måtte Espen knyte sko.
Etter 33.20 i det heller tunge Sentrumsløpet i Oslo, seier Espen sin Strava-kommentar fylgjande:
- Første 10 km. 28.plass. Tung løype. Amatørmessig å måtte knyte sko etter fem kilometer. Tapte nok minst 20 sekund på det. Greit disponert i 9,5 km. Låra heilt ferdige siste 500 meter
- København neste helg!
Og i København skal Espen springe heilmaraton!
Espen nemner i Strava-kommentaren at han vart nummer 28. Det var av samtlege deltakarar. I klasse M 23-34 vart Espen nummer 18. Han vart berre slegen av ei kvinne, romsdalingen Live Solheimdal som spring for Steinkjer FIK. Ho vart klokka inn på 33.09.
Nokre tider frå M 23-34:
1.Senay Fissehatsion, Ull/Kisa, 29.59 (totalvinnar)
10. Even Storeheier, Student KRIK Ås, 32.27
18. Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 33.20
30. Magnus-Johan Færø, Eikanger IL, 34.08
34. Olav Erling Aaland, Sunnylven IL, 34.21
64. Lars Folven, Oppstryn IL, 35.49
100. Erlend Godager, Verdane, 36.40
Det høyrer med til soga at 5 km vart passert på 16.15 av Espen, og 16.16 av Njål. Då låg dei som nummer 21 og 22 av totalen på mange tusen.
I mål var Njål nummer 18 og Espen 28. Fantastisk flott levert!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025