Konradløpet: Kvilestol-vinnar på andre forsøk
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mai 2024
Gunvor Velle kom frå Bodø til sitt andre Konradløp og vann kvilestolen frå IMG.
Stolen vart trekt mellom alle dei påmelde deltakarane. For å vinne stolen måtte ein vere tilstades under samkoma i Velledalen grendahus. Leiaren i Velledalen IL, Ove Inge Skylstad, stod for trekkinga. Han trekte ut startnummer 119 som vinnar, og dermed må stolen fraktast til Bodø til Gunvor Velle. Det høyrer med til soga at Ove sin bror, Kai, hadde startnummer 118 og Tommy Luis Bjørkavåg startnummer 120.
Gunvor Velle er velledaling god som nokon av opphav. Ho starta i 1.klasse på ein splitter ny Velledalen skule i 1963. Ho er søster til Petter Velle som bur i Velledalen og til Odd Velle og Ellinor Brunstad som begge bur i bygda.
Velledalen IL gratulerer Gunvor som stolvinnar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Topp-5 trimpostane: 15.plass - Høgsætra Fet
22.10.2025

Oktobermila Ålesund: Fin VIL-innsats
20.10.2025

Volda Bakgårdsultra: Ny bragd av Hilmar
20.10.2025
Hermann sprang maratonkarusell i Bergen
20.10.2025

Sprintløp på Aure
18.10.2025