Konradløpet 2024: Velledalingane fell frå

Postet av Atle Jomar Hole den 2. Mai 2024

Dei fyrste arrangements-åra deltok 150 personar busette i Velledalen i Konradløpet. Talet i år var 73.

 

I debutåret 2002 stod 195 namn på påmeldingslista. I 2003 var talet auka til 246. Begge åra var kring 150 av desse busette i Velledalen. For moro skuld har vi gått gjennom listene for 2024. Dei syner at 73 personar busette i Velledalen melde seg på. Altså ei halvering.

 

Når arrangøren likevel greier halde deltakartala oppe, skuldast det vekst i andre distrikt, eksempelvis Ålesund og Stranda. Konradløpet har aldri før hatt så mange deltakarar frå Stranda som i 2024. Og tre av seks på pallen bur i Ålesund kommune.

Totalt sett er det lite som tyder på at hovudløpet treng ottast, men mykje tyder på at deltakarane våre vil ha sikker kontroll på vêret før dei trykkjer «SEND» på påmeldinga.

28. april klokka 09.00 (mindre enn tre døgn før løpet) stod nemleg ordinære 107 namn på lista.

1. mai klokka 05.15, då Ove Skylstad sende startskotet til himmels, var talet auka til 269


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.