Å du hildrande du – Espen med 2.30.22 i København!
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Mai 2024
Espen Utgård Sæther sette i dag ny klubbrekord på maraton for Velledalen IL med tida 2.30.22 i København.
Den tidlegare rekorden var i hendene på Njål Torillson Tyssing (2.33.02)
Espen opna hardt med 17.27 på fyrste fem kilometer.
Fyrste mila gjekk på 35.11. Andre mila på 35.07.
Han passerte halvmaraton på kraftfulle 1.14.06
Naturleg nok gjekk det litt tyngre mot slutten. Men ikkje verre enn at han gjorde siste mila (30-40 km) på 36.31. Lågast fart heldt han mellom 40 km og mål, men likevel så raskt som ei gjennomsnittleg km-tid på 3.45. Siste halvmaraton gjekk på fantastiske 1.16.16. Det fortel litt kva dette dreier seg om.
Den magiske 2.30-grensa glapp, men det lever Espen godt med. Han er trass alt fersk i faget. Mest som læregut å rekne. Ein særdeles dyktig læregut!
Eit imponerande løp frå start til slutt. Svært kjekt å fylgje på «livestream (takk for turen, Espen) og svært høgt nivå på dei som tippa sluttida på VIL Facebook. Den beste bomma med 19 sekund. To andre var 23 sekund unna. Det skilde altså fire sekund mellom dei tre beste tipparane.
Vi kjem tilbake med meir frå Københavm (plasseringar, Strava-kommentar og liknande)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025