Tordenskioldløpet Trondheim: Fin innsats av Ole-Peder
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Mai 2024
Tordenskioldløpet i Trondheim samla i dag 406 fullførande deltakarar.
Ole-Peder Kristian Holmberg var Velledalen IL sin einaste deltakar i løpet. Togførar Ole-Peder, som nyleg persa kraftig på halvmaraton, ser ut til å ha godforma inne. Av 406 fullførande vart vår mann nummer 142 på tida 22.41. Og det var svært kort veg vidare oppover på resultatlista. Ole-Peder spring for Velledalen IL/ Jernbanens Idrettslag, Trondheim. Jernbanens Idrettslag hadde ikkje mindre enn sju løparar med i løpet. Ole-Peder vart nummer tre av desse, med ganske kort avstand oppover til dei to beste.
Vi tek med at Ørjan Kjeldsli, Stadsbygd IL, vart beste herreløpar på tida 15.04.
Hanna Mjøen, Maridal, Strindheim IL, beste kvinne på tida 16.18.
PS. Vi minner om at det er sommarløp i Ålesund i morgon – påmelding EQ-timing. Resultat på nettsida i morgon om VIL-løparar stiller.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025