5000 meter bane: 16-talet for Njål og Nikolai
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Mai 2024
Bærum Idrettspark var staden der klokka etter 5000 meter baneløp stoppa på 16.03.67 for Njål Torillson Tyssing.
Løparane våre sterke for tida. Njål har 16.05 som som personleg bestetid på 5 km landeveg. Klubbrekorden på distansen har Espen Utgård Sæther på 16.01 (sett i 2024). Men i går gjorde Njål 16.03.67 på 5000 meter baneløp, så vidt vi veit det beste nokon utøvar frå VIL har gjort. I same stemne sprang Nikolai Handle Jensen på sterke 16.58.32, ny personleg bestetid på bane.
I tillegg til dei to nemnde, deltok Thomas Clifford. Ein sann Velledalen IL-venn som har fellestrena med våre i lang tid, men enno ikkje er innmeld. Løpet vart arrangert av rutinerte Tyrving IL, med to heat. Thomas sprang i fyrste heat. Njål og Nikolai i andre, der Njål-slektning, Jon Fiva, var med som harepus. I resultatlista står det DNF bak Jon sitt namn, men han skal ha sin rettmessige del av æra for sterk tid
Her er nokre resultat frå løpet:
5000 meter bane, Bærum Idrettspark
Arr: Tyrving IL
- Nahom Tesfalem Tewelde, Ull/Kisa IL, 15.18.48
- Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 16.03.67
- Nikolai Handle Jensen, Velledalen IL, 16.58.32
- Trond Steinar Gjønnes, Tyrving IL, 17.10.13
- Nikolaj Tidemand, Noteam, 18.11.01
12. Thomas Clifford, Velledalen IL, 19.53.51
FOTO: Frå v: Thomas Clifford, Njål, Jon og Nikolai
STRAVA-KOMMENTARAR:
Njål:
- 5000 meter oldboys: 16.03.67
- Tyrving-arrangement på Rud. Deilig i sola, som vanleg nokre sekund for seint ute til sub 16.
Nikolai (meir kortfatta): 5000 meter Tyrving. 16.58
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025