Sterke VIL-prestasjonar på Vartdal

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Mai 2024

Stor løparfest også på Vartdal 25.mai. Her vart det avvikla halvmaraton med innlagt KM, 10 km, trimløp rundt dalen og barneløp

 

Slik gjekk det med Velledalen IL sin fyldige tropp:

10 km: Vegard Riksheim Tandstad 39.40 – nummer tre bak Kristian Nedregård og Olger Pedersen

Halvmaraton utanom KM: Stig Marius Vestnes, 1.52.01 – ny personleg rekord

 

Velledalen IL sine KM-løparar gjorde det slik:

M 60-64 år: Bjørn Arve Brune, tid manglar, - gull

M 55-59 år: Alf Petter Bøe, 1.33.40 – sølv

M 50-54 år: Per Inge Bjørnestad, 1.26.01 – sølv

M 50-54 år: Frode Mauren, 1.31.04 – bronse

M 45-49 år: Tom Audun Rossland Knutsen, 1.22.19 – sølv

M 23-34 år: Constantin Rust, 1.16.36 – sølv

M 23-34 år: Robert Vasset, 1.22.28 – bronse

 

Kommentar: Arrangøren fekk problem med tidtakinga slik at ein del løparar enno ikkje har fått registrert tid, mellom dei Bjørn Arve Brune. Vidare er det å merke at Robert Vasset – saman med eit par andre - var med på ein redningsaksjon av ein person  på einslags sykkel som «flaug» utom vegen. Ei god gjerning, men tidstapet var markant. Bjørn Arve Brune slo opp ein skade i leggen frå Valderløpet, men fullførte med stil til Velledalen IL sin einaste gull. Alle Velledalen IL sine sju KM-løparar reiste heim med medalje (utdelt til dei tre beste i kvar klasse). Totalt vart det 1 Gull, 4 Sølv og 2 Bronse.

 

SPESIAL-MELDINGAR:

Til May Evy Nesheim:  KM-gullet i klasse K 45-49 gjekk på tida 1.50.35

Til Andreas Mosby Nakken. KM-gullet i M 20-22 gjekk på 1.51.19

Til Erika Oginte. Arrangøren opererer med 0 deltakarar i KM klasse K 35-39.

 

Vi kjem med meir stoff frå Vartdal seinare.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.