Sommaravslutning for idrettsskulen
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Mai 2024
Måndag 27.mai hadde idrettsskulen sommaravslutning. Vi har lagt bak oss ein periode med mykje aktivitet. Borna har fått prøve seg på minivolleyball, vi har trena til MiniKonrad og hatt orientering ved Sørestranda skule.
Vi avslutta dette året med ein tur til Kambane der vi leika oss og åt kveldsmat. Foreldre og søsken var òg inviterte til å vere med. Taudissa var populær, og nokon spelte fotball med medbrakt ball. Til og med ein frosk dukka opp og ville vere med på leiken.
Til slutt takka vi av 3.klassingane som avslutta si tid på idrettsskulen. Til hausten har vi dermed ledige plassar. Vi kjem til å bytte dag frå måndagar til torsdagar. Tidspunktet vert det same, klokka 17.30-18.30. Informasjon i høve påmelding til hausten kjem om ikkje lenge.
Torild, Janne, Mari og Ann-Helen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025