8 X 1000 meter på Ikornnes Idrettspark
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Jun 2024
Åtte løparar - i tre ulike grupper - var i aksjon under treninga laurdag føremiddag.
Sju dagar før Ålesund maraton var det finpuss av form på Ikornnes. Åtte løparar danna tre ulike grupper:
Gruppe 1: Irene Mork og Marita Bjørkelid Andreassen køyrde sitt eige opplegg
Gruppe 2: Per Inge Bjørnestad og Frode Mauren – km-tider 3.32 – 3.52
Gruppe 3: Fridtjof Fredriksen, Øystein Bakke, Erika Oginte og Alf Petter Bøe – i hovudsak i overkant av 4 min.
Treninga var etter alle solemerke vellukka. Frode Mauren har lagt ut fylgjande på Strava:
- 8x1000 meter med Velledalen IL og Per Inge som «hare». Årets beste økt, så langt ja!
Elles kan vi melde om to nye påmeldingar til Ålesund Maraton frå Velledalen IL:
Frode Mauren
Frank Andersen
Begge spring 10 km
Dermed har vi ein tropp på 17 seks dagar før løpsstart.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025