Likar du fargen, Gunvor…?
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jun 2024
Stolen, med skammel, som Gunvor Velle vann under årets Konradløp har kome til Velledalen.
Det har ikkje gått bra for Ålesund FK denne sesongen, så det fall kanskje naturleg å «dyrke» klubben sine fargar ein smule. Stolen er nokså nær i oransje. Faktisk kanskje ein mellomting mellom AaFK og Bodø/Glimt sine fargar, gul-oransje. Men vi trur ein uhilda person ville halle til å kalle stolen oransje. Nok om det.
Velledalen IL håper å få stolen nordover i løpet av sommaren….. Om då ikkje vinnaren er så misnøgd med fargen at ho helst ser den blir ståande hos slekta i Sykkylven…?
Nok ein gong: Stor takk til IMG for den rause gåva!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste
07.09.2025

AL-open: Matias debuterte med 3.plass
07.09.2025

Sterke løp av Mikkel og Ola i AK-open
07.09.2025

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025