Gode Radka!
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Jun 2024
Eg gjekk i eigne tankar opp Løvenvoldbakken i Ålesund, då eg brått høyrde nokon rope namnet mitt!
Eg snudde meg og såg ingen ringare enn Radka Vosicka stå i ei dør. Ho hadde sett ei Velledalen IL-jakke gå forbi vindauget og måtte sjekke kven det var. Med raus hand delte ho ut gratis smaksprøve av både is og kaffi til nestleiaren i Velledalen IL. Isen var så diger – tre ulike sortar – at det var så vidt den var fortært til Hilmar kom på runde to. Oppeldna av «stimulien» Radka hadde gitt meg, brølte eg til Hilmar då eg såg han:
- Dette går bra Hilmar. Du ligg på 4.plass av heile feltet!
Og då han «uanstrengt» svara:
- Eg heldt 2.48-fart (vist til slutt-tid på 2.48) på fyrste runden….
Ja, då skjøna eg at dette kunne bli ein retteleg god dag!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025