Njål sprang 10 000 meter på Bislett tysdag
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Jun 2024
Tysdag 11.juni 2024 sprang Njål Torillson Tyssing 10 000 meter under eit SK Vidar-arrangement på Bislett
Ganske så artig å lese resultatlista frå løpet. Norske storklubbar som SK Vidar, Tjalve, OSI (Oslostudentane) og Gular IL (Bergen). Så ein utanlands-klubb som berre har talkoden 74118, og Velledalen IL
Her er resultata for topp-11:
- Rolf Erik J Steier, SK Vidar, 31.35.89
- Haakon Engelsen Berg, SK Vidar, 31.41.64
- Axel Mender, 74118, 31.44.64
- Henrik Velle, Tjalve, 31.49.70
- Matias Brekkå, SK Vidar, 32.15.54
- Mathias Møller, SK Vidar, 32.20.43
- Morten O. Dalhaug, SK Vidar,32.42.57
- Ola Matre, SK Vidar, 33.15.20
- Halvor Myhrvold, SK Vidar, 33.24.28
- Njål T. Tyssing, Velledalen IL, 33.26.88
- Thor M.P.Kjäll-Ohlsson, SK Vidar, 33.44.60
DNS: Henning Hellebust, SK Vidar – vinnaren av 5 km i Ålesund sist laurdag
Njål vart nummer to i klasse M 40.
På Strava vert fylgjande meldt:
- Bislett, 10 000 meter – 33.26. Brutalt. Trur splittane var nokså identiske med 16.40 ish. Kanskje litt hard opning. Veldig bra arrangement av SK Vidar.
På Strava vanka det så nokre gratulasjonar med ein fin prestasjon, før Njål avsluttar slik:
- Takk takk. Lyt prøve å reise «kjerringa» på måndag med 5 km på Bislett. Skal bli kjekt å sleppe dei siste 12,5 rundane!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025