Idrettshelga: Kan KM Berli slå Petter Northug jr….?

Postet av Atle Jomar Hole den 18. Jun 2024

 

VIL-trioen Kjell Magnar Berli, Hilmar Kråkenes og Ole Martin Korsnes skal komande helg konkurrene mot Petter Northug jr.

 

Her er litt av det VIL-utøvarar gir seg i kast med komande helg:

  • Fyr til Fyr 2024: Ei kraftprøve med lang konkurranse-tid. Tysdag 18.juni klokka 09.30 var VIL-trioen Kjell Magnar Berli, Hilmar Kråkenes og Ole Martin Korsnes mellom 145 påmelde i konkurranseklassa. Det same var Petter Northug jr. og broren Thomas. I 2023 vann Karl Idar Vik dette løpet på 6.03.54, så det er snakk om ei «lang-økt». Marius Kalland har VIL-rekorden (2023) på 6.36.07 etter 6.plass i fjor. Anne Grethe Røren Leine vart då nummer tre i kvinneklassa på tida 8.27.37. Løpet har eiga mosjonsklasse med kortare løpslengde, og med ulike startstadar.
  • NM maraton, Knarvik: Dette er ikkje langt frå Bergen som betyr stor og hard deltaking. Her er det både 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Heilmaraton i Knarvik tel som NM på distansen. Her er Sverre Gunnar Brunstad, Lørenskog FIL, mellom deltakarane i klasse M 55-59. Kjenner vi Sverre Gunnar rett – som ein meister i å bygge/prikke form – har vi trua på ein NM-medalje. Artig skal det også bli å sjå kva Espen Utgård Sæther er god for til helga. Han har meldt på Strava at han stiller på halvmaraton i Knarvik, som truleg betyr god tid i eit sterkt felt.
  • Nordmarka Skogsmarton, Oslo: Storløp med heil- og halvmaraton, og kring 1200 påmelde tysdag morgon. Her stiller Anders Wigdahl for Velledalen IL i klasse M 35-39. Ei klasse med 85 påmelde i morgontimane 18.juni.
  • Kaptein Dreyers Minneløp: Då er vi på Nordmøre. Eit tradisjonsrikt løp med laaang fartstid. Her vert det barneløp, trim med og utan tidtaking i tillegg til hovudløpet. På deltakarlista her dukkar Ole Peder Kristian Holmberg sitt namn opp med startnummer 112. Han representerer Velledalen IL/Jernbanens Idrettslag, Trondheim. Ole Peder har sprunge løpet før, og veit såleis kva han går til.

 

Dette var ei lita oversikt. Truleg skal fleire VIL-utøvarar i aksjon. Vi set pris på at deltaking i ulike løp vert melde (atlehole@online.no) og gjerne dokumenterte med foto. For oss er saktegåande deltaking like viktige som den raske. Vi ynskjer alle sympatisørar og utøvarar av Velledalen IL

EI RETTELEG GOD HELG!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.