Fleire VIL-løparar frå fyr til fyr
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Jun 2024
Dagen før Bergsøy IL sitt fyr til fyr-løp, har deltakartalet frå Velledalen IL kome opp i fem.
Vi har tidlegare meldt at Kjell Magnar Berli, Hilmar Kråkenes og Ole Martin Korsnes er påmelde. Dette i den lengste utgåva av løpet som har start klokka 08.00 i morgon tidleg. Hovudløpet hadde klokka 13.30 fredag, om lag 140 påmelde. Og det er her på denne distansen, at våre tre, mellom andre skal kjempe mot Petter Northug jr.
Frå Heid er 35 påmelde fredag klokka 13.30. Desse har start laurdag klokka 12.00. Mellom desse er VIL-løparane Øystein Drabløs Langlo og Frank Andersen.
Vi ynskjer alt godt til våre som skal konkurrere i Herøy, på Sunndalsøra, i Knarvik og Oslo i morgon – og kanskje nokon skal i aksjon andre stadar…?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025