Knarvik: Les meir om Sverre Gunnar og Espen
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Jun 2024
Mellom anna resultat frå klassa til NM-vinnar Sverre Gunnar Brunstad
I Knarvik i går starta Espen Utgård Sæther på halvmaraton, Sverre Gunnar Brunstad deltok i NM heilmaraton (42 195 meter)
Espen Utgård Sæther deltok som vanleg i klasse M 23-34. På «liveoppdatering» kunne vi fylgje med. Og det gjekk brillefint fram til om lag 16 kilometer. Han låg i tet. Brått vart han borte. Hadde han gått på ein smell…., eller ein skade…?
Svaret kom på STRAVA litt seinare:
- Knarvik halvmaraton – DNF. God drahjelp av Thijs på dei tre fyrste rundane. Låg på 2.plass, men akutt mageknip og smerte i låret ved passering siste runde. Satsar på at Kristiansund Havmaraton om to vekker vert ei betre oppleving!
Dei tre beste på halvmaraton i Knarvik:
- Thijs Nijhuis, Danmark, 1.12.06 (M 23-34)
- Reidar Austrheim, Vikedal, 1.12.17 (M 23-34)
- Andreas Lervik, BPI, 1.14.17 (M 40-44)
NM-medaljane i klasse M 55-59, heilmaraton gjekk til fylgjande karar:
- Sverre Gunnar Brunstad, Lørenskog FIL, 2.52.49
- Bjørnar Eidsheim, Eikanger IL, 3.09.07
- Frode Johansen, BFG Bergen Løpeklubb, 3.17.28.
STRAVA-KOMMENTAR frå vinnaren:
- NM maraton, ny NM-tittel. Ca 40 prosent grus i ei kupert løype – ikkje gratis, nei!
I 2023 var maraton-NM i Oslo. Høgt nivå, der ein skulle vere særdeles dyktig for å ta medalje. Men vert eit slikt meisterskap flytta ut i «provinsen» - rett nok ikkje så fælt langt frå Bergen denne gongen – stiller det seg annleis. Faktisk hadde VIL-kvartetten Andreas Nakken, Espen Utgård Sæther, Njål Torillson Tyssing og Hilmar Kråkenes alle teke medalje om dei satsa på årets norske meisterskap.
Fordi:
M 20-22 (klassa til Andreas Nakken) – ingen fullførande.
M 23-35 (klassa til Espen) – vinnartid på 2.30.35, ganske likt Espen sin pers.
M 40-44 (klassa til Njål) – vinnartid 2.44.32, den hadde du teke, Njål!
M 45-49 (klassa til Hilmar) – vinnartid 2.35.02. Tida til Hilmar frå Ålesund hadde gitt NM-bronse med god margin
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025