Septemer 2024: Start for sponsa samarbeid med Funkfit
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Jun 2024
Tidleg i september 2024 vil etter planen eit sponsa samarbeid mellom Velledalen IL og FunkFit Sykkylven/ FunkFit Fysio vere i gang.
Tilbodet er i hovudsak retta mot løparar på alle nivå. Vi vil kome tilbake til dette med påmelding, men dei som alt no veit dei ynskjer bli med, kan melde seg på til herrane Alf Petter Bøe, Henning Tandstad og Vegard Tandstad (alle i friidrettsgruppa).
Gruppa vil ha èi fellestrening i veka. Dag er førebels ikkje bestemt, men mest truleg måndag eller onsdag. Gi gjerne beskjed om:
- Kva vekedag passar best?
- Kva klokkeslett passar best?
Alle som vert med i gruppa får ein samtale Ragnfrid/Anne Grethe for å kartlegge mål og motivasjon. Vidare får dei som melder seg på tilbod om ein «in body scan» - kva består kroppen din av, med omsyn til muskelmasse og feitt.
Denne oppstart-gruppa, som altså vert sponsa av Velledalen IL, har plass til maksimum 15 personar – og helst ikkje mindre enn åtte. I tillegg til fellestreningane kvar veke, har dei som melder seg på tilgang til eigentrening, mellom anna med heilt nye møller med «booking system»
Hovudsesongen for dei fleste løparar vil vi tru strekkjer seg frå april og ut oktober. Etter sesongslutt (truleg november), kjem eit tilbod om styrketrening for løparar.
Skadar kan vere eit problem for somme. Då er det verdt å merke seg at medlemar av gruppa (og Velledalen IL),
får rabatt på FunkFit sin fysiodel.
God sommar, og hugs påmelding til Alf Petter Bøe, Henning Tandstad eller Vegard Tandstad!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025