Sommartrening viktig uansett nivå

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Jul 2024

I dag fekk Ikornnes Idrettspark gleda av å ha spreke herrar på besøk.

 

I alt var fem herrar innom stadion på Ikornnes den tida Velledalen IL sin utsende var på vitjing. Trond Bonesmo køyrde sitt eige opplegg, medan dei fire andre (Kjell Magnar Berli, Robert Vasset, Constantin Rust og Espen Utgård Sæther), køyrde ganske likt. 400 meter med start annakvart minutt med 20 repetisjonar for dei som sprang mest. Dei fyrste draga gjekk i 75 sekund på runden, noko som gav ei pause på 45 sekund mellom draga. Etter kvart auka farta med nokre drag på kring 70 sekund, før dei argaste avslutta med 65-66 sekund på draga.

 

Det er nok lenge sidan Ikornnes Idrettspark har hatt ei løpstrening med slik fart. Men karane som var i aksjon er ingen kven som helst. Robert er årets Konradløp-vinnar, Kjell Magnar sette nyleg løyperekord i frå Fyr til fyr med godt over 50 minutt,  den komande Oslo-advokaten – Constantin – er ein slugger på alle distansar, medan Espen har sprunge heilmaraton på like i overkant av to timar og 30 minutt, ei grense han er fast bestemt på å bryte i løpet av året.

 

Trening er viktig uansett nivå. Femtemann på stadion, Trond, pressa seg ned kring to minutt under årets Konradløp i høve til 2023-løpet. Også ein slik prestasjon ligg det trening bak. Ikkje så reint lite heller. To minutt er mykje på så kort distanse som Konradløpet

Nyt sommaren, plei helsa og kroppen! Gjer gjerne som Anders Wigdahl gjorde i dag. Etter gode treningsøkter siste tida, tok han i dag turen innom FunkFit Fysio i Næringsfabrikken

  • Hardt det også på sin måte, men det gjorde godt, var kommentaren i etterkant.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.