Trimpostane våre: Kjell Skogvold i tet på Vellesætra
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Jul 2024
Det er kring 80 døgn (mindre enn tre mnd) til trimpost-sesongen er over.
Difor er det naturleg at vi ser litt på stoda rundt omkring. Vi startar med trimposten Vellesætra. Ein post i stort sett kontinuerleg motbakke etter god grusveg (unnateke siste kneika). Spreke folk gjer turen unna på kring 20 minutt. Vanleg turtempo er 30-45 minutt. Turen til Vellesætra vert løna med 7 trimpoeng.
Vanlegvis er Vellesætra inne mellom dei fem beste postane rekna etter besøk. Vi er usikre på om dette går i 2024, men på beste halvdel av dei 15 postane bør gå.
Her er namna på dei ivrigaste turvandrarane til Vellesætra i perioden oktober 2023-11.juli 2024
Stoda nedanfor er notert 11.juli klokka 14.20:
82 turar: Kjell Skogvold
54 turar: Johannes Skylstad Tynes
45 turar: Jarle Lade
45 turar: Anne Kari Hjorthol
35 turar: Torhild Horsevik Skogvold
Like ved: Anita Hjorthol (28 turar) og Inger Anne Brunstad (19 turar).
NB! Trimpost-sesongen vert avslutta kring 1.oktober
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025

Rekordstor o-samling i år
07.09.2025

Slik gjekk det i Drammen halvmaraton
06.09.2025

Finfin 2.plass til Jone i Melshornløpet
06.09.2025

Halvmaraton-tider frå Trondheim
06.09.2025