Black Lake Race med Constantin Rust
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Jul 2024
Dette fjelløpet passerte eit vatn med namnet Svartevatnet og fekk såleis namnet Black Lake Race.
Ganske tåpeleg, men slik har det vorte. Deltakinga var ikkje all verda. 39 påmelde, under 30 fullførte. Einaste deltakar frå Velledalen IL var Constantin Rust. Vi lar hans Strava-skildring fortelje korleis løpet arta seg for hans del:
- Sprang feil saman med 2.plassen etter ca 3 km. Fann ikkje ut av det før vi sprang ned i fjøra og møtte ein familie som grilla pølse. Tapte ca 13 minutt der. Fekk ein ganske heftig allergi mot å fortsette etter det, men e så kleint å gi seg, så ein spring no berre vidare. Tok igjen folk men hadde ikkje peiling på korleis eg låg ann. På siste toppen får eg plutseleg vite at eg ligg på 3.plass og då går jo beina av seg sjølv til mål (med nok ein avstikkar der eg sprang feil). Veldig bra kropp og veldig fornøgd med gjennomføringa!
- Arrangøren får kudos for nydeleg løype og total stryk på merking,særleg når løypa nesten berre er «off-trail»
- Største lyspunkt: Det kom bort ein random-spanjol før start og spurde om vi kunne ta eit bilde.
Topp-10 Black Lake Race,
arrangert av Vågstranda IL laurdag 13.juli:
- Kilian Jornet, Måndalen IL/Spania, 3.21.44
- Aamund K. Steien, Lillehammer, 4.05.55
- Constantin Rust, Velledalen IL, 4.12.34
- Runar Ødegård, Vistdal IL, 4.27.17
- Marcin Kunz, Krakow Polen, 4.27.24
- Anders Brokstad, Slevik IL, 4.33.56
- Kamil G. Dyn, Szaflary Polen, 4.39.02
- Mari Wetterhus, Lillehammer, 4.49.08 (beste kvinne)
- Sindre Balstad, IL Samhald, 4.55.04
- Oleksandr Shvets, Vågstranda/Ukraina, 4.57.32
Uansett; folk levert av Constantin i ei krevjande løype
PS. Sommaren 2025 har Kjell Magnar Berli og Constantin Rust planar om eit liknande løp i Sykkylven i samband med Sykkylvsdagane. Såleis vil vi tru løpet i Romsdalen var god læring!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025