Trimpostane: Stoda på Brunstadsætra
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Jul 2024
Med drygt to mnd att av sesongen vert det ikkje lett å hente inn Inger Anne Brunstad på denne posten.
Turen til Brunstadsætra gir fire trimpoeng. Og det kan ein trenge etter ein tøff start i bratt motbakke. Seinare flatar det meir ut, slik at totalen må omtalast som ein fin tur. Diverre er trimkassa ikkje like lett å finne for nye vandrarar, som den tidlegare var. Dette har ført til at trimposten på Brunstadsætra har tapt terreng siste åra. Den skal få store problem med å bli topp 3 av Velledalen IL sine 15 postar, noko den tidlegare alltid var.
Då meldaren vår var på posten onsdag 24.juli om lag klokka 11.15 var stoda slik:
189 turar: Inger Anne Brunstad
83 turar: Veronika Ulriksen
65 turar: Susan Osnes
55 turar: Arnt Brunstad
53 turar: Johannes Skylstad Tynes
Eit fint knippe personar, med Henning Brunstad i spissen (29 turar), hadde mellom 20-30 turar.
NB! Bokbyte markerer sesongslutt på alle postane – vert utført kring 1.oktober
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025