Laurdag 27.juli: Hornindalsvatnet Maraton
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Jul 2024
Onsdag 24.juli klokka 19.00 hadde 84 deltakarar meldt seg på.
Alt tyder på at deltakartalet i Hornindal vert langt over 100 deltakarar. Sidan dette er eit fint arrangement hadde dei fortent både 200 og 300 deltakarar.
Menyen, med starttider, ser slik ut (pluss talet påmelde 24.juli klokka 19.00):
11.00: Start heilmaraton – 12 påmelde (Hilmar Kråkenes frå Velledalen IL)
11.20: Start minimaraton (4,2 km) – 3 påmelde – ingen frå VIL
12.00: Start 10 km – 21 påmelde- ingen frå VIL
12.10: Start halvmaraton – 35 påmelde (Robin Jørgensen frå VIL)
I tillegg vert det arrangert eit Minimaraton Trim utan tidtaking og start når det måtte høve. Her stiller Ivar Arne Flo frå Velledalen IL, forøvrig saman med mannen med flest maratonløp i Noreg, Inge Asbjørn Haugen.
Rykta seier Velledalen IL kjem til å ha ein langt større tropp enn tre utøvarar. Her er noko for ein kvar smak, ein treng ikkje vere topp-trena for å hive seg med her. Særleg løpet med start 11.20 er truskuldige greier. Påmelding heilt fram til start løpsdagen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025