Hilmar «kosa seg» og vann maraton i Hornindal
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Jul 2024
Hilmar Kråkenes er i knallform for tida. I dag leika han med konkurrentane i Hornindal.
Hilmar har gjennomført fleire lange, seige løp siste perioden, i tillegg til solide treningsdosar. Då ein person i VIL-leiinga stilte seg litt undrande til at han ville delta på full maraton i Hornindal var svaret:
- Det er eit ledd i mengdetreninga.
Men det er slik med løparar, at får dei fyrst startnummeret på brystet er det ikkje lett å halde att. Og særleg ikkje når ein eit stykke ut i løpet finn ut at han er den beste i heile feltet. Hilmar drog det grøvste av løpet, og gjorde i høgste grad sluttida sjølv denne gongen. Då Odin Aam og Matias Navelsaker måtte sleppe var det ikkje tvil om kvar maraton-sigeren ville ende. Og ved målgong på Hornindal Idrettspark etter 42 195 meter må det seiast at Hilmar nesten var uforskamme sprek. Held «guten» seg skadefri kan vi ha fleire storløp i vente.
Resultat Hornindalsvatnet maraton, 27.juli, 2024:
- Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 2.53.56 (M 45-49)
- Odin Aam, Team HBP Ultra, 2.58.42 (M 23-34)
- Matias Navelsaker, Eid IL, 3.00.28 (M 23-34)
- Peter Viveen, Nederland, 3.13.40 (M 45-49)
- Arne Stubhaug, Førde IL, 3.27.26 (M 50-54)
- Geir Jensen, BFG Bergen Løpeklubb,3.35.29 (M 60-64)
- Andy THiem, Oslo, 3.42.17 (M 40-44)
- Bjørn Haukeland, Søreidgrend,3.45.47 (M 60-64)
- Slawomir Lesniak, Polen, 3.46.32 (M 45 -49)
- Odd Gunnar Tveit, Birkenes IL, 3.47.47 (M60-64)
Beste kvinne: Veronika Tiszlavicz, Ungarn, 4.08.09
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025