Førjulsmesse 2024 – merk datoane

Postet av Atle Jomar Hole den 30. Jul 2024

(Arkivfoto frå 2015)

Årets Førjulsmesse-datoar vert 9. og 10. november.

 Det er på tide å tenkje på Førjulsmessa i Velledalen. Skal eg melde meg på, eller skal eg la vere. I alle fall opnar påmeldinga måndag 19.august.

 

Som vanleg vil det vere mogleg å ha stand i storsalen, i vestibyla og ute. Frå arrangøeren vert det velsmakande kaffi og gode kaker, tombola, basarbok. Men messedagane 9. og 10.november er det utstillarane sine produkt vi skal løfte fram. Her kan absolutt ALLE finne julegåver til nokon ein er glad i.

 

Opningstidene vert slik:

Laurdag 9.november: 11.00 – 17.00

Sundag 10. november: 11.00 -16.00

 

Messesjef:

Myriam Van Wunsel

 

Påmeldinga opnar:

19. august – og det vil kome meir informasjon før den tid både på Velledalen IL Nettside og andre kanalar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.