Knalldebut av Julia under Stranda Fjord Trail Race
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Aug 2024

Julia Sæle Bakke (19) debuterte i jenteklassa (K 15-19) med klassesiger.
Julia Sæle Bakke kryssa mållina på den fine tida 5.17.18. Det heldt til klassesiger i klasse K 15-19 over distansen på 25 km. Nummer to i klassa vart Tyra Tronstad frå Stranda, tidlegare o-løpar i Velledalen IL. Julia såg uforskamma sprek ut etter løpet, og det var ikkje meir enn rett og rimeleg at ho vart fotografert saman med Velledalen IL sine to fremste ultra-løparar på herresida, nemleg Constantin Rust og Kjell Magnar Berli. Dei vart nummer tre og fire av heile hurven i løpet over 48 km, og Constantin klassevinnar i klasse M 20-29.
Det høyrer med til soga at det tidvis regna godt, med vind og ganske låg temperatur på dei høgaste toppane. Med andre ord litt å hente på forholda.
Uansett; ein særdeles lovande debut av Julia, som i 2025 kan ta mål av seg å springe jamt med faren, Øystein Bakke.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025