Siste: Stian Hole innmeld i Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Aug 2024

Stian er velledaling av opphav så det var ei ganske naturleg handling.
Stian er best kjend som dyktig målmann på VRF. Han fekk med seg laget sin siste gode periode frå midten av 1990-talet til 2002. Siste tida har han byrja springe lenger distansar. Han melde seg på Ålesund halvmaraton, og gav opp til arrangøren at han hadde planar om ei sluttid i området 1.40 – 1.50. Stian kom i mål på finfine 1.37.41 i klasse M 45-49. Det heldt til ein imponerande 9.plass av 28 fullførande i debuten.
Dei som minnest tilbake i tid veit at Stian sin bestefar, bakaren Sigmund Kulseth, både dreiv langrenn og lange løp. Kanskje har ikkje Stian enno sletta bestetida til Sigmund på halvmaraton, men her er ikkje siste ord sagt
Velkomen inn i løparmiljøet vårt, Stian!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025