Midtveke-konkurranse med premiering
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Aug 2024
Odd Jostein Drotninghaug har rydda i faren sitt fotoarkiv og kome over nokre «skattar»
Ein «skattane» vert her presentert som midtveke-konkurranse. Bak til venstre på fotoet ser vi Odd Jostein med startnummer under trøya. Som betyr at han gjekk på eit anna lag enn dei tre karane med startnummer 85 på brystet. Dette dreier seg altså om stafett, og disiplinen er langrenn.
Spørsmålet vi vil ha svar på:
Kva er namna på dei tre gutane med startnummer 85 på brystet?
Send svaret ditt – innan utgangen av torsdag 15.august - til:
e-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Eller svar på Facebook når saka vert lagt ut der.
NB! Namna på alle tre gutane må vere rette for å vinne uttrekks-premien!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
07.04.2025

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025

Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
06.04.2025

Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
06.04.2025