Trimpost-sesongen: Innspurten i full gang
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Sep 2024
Bokbyte og sesongslutt kring 1. oktober
Dette er siste påminning om at det går mot slutten på inneverande trimpost-sesong. Kring 1. oktober vert det bokbyte på dei 15 trimpostane. Meld frå til Nils Terje Skylstad om du kan tenkje deg å hjelpe til. Håper rett mange kan det, slik at Nils slepp jobben åleine. Trass alt er det han som skal gå gjennom alle noteringane på dei ulike postane, sette opp topp-5 oversikt på kvar post, telje talet noteringar på kvar post, og til slutt sette opp ei topp-10 samanlagt-liste over talet trimpoeng dei ivrigaste har samla seg gjennom sesongen.
Lukke til med innspurten!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Topp-5 trimpostane: 15.plass - Høgsætra Fet
22.10.2025

Oktobermila Ålesund: Fin VIL-innsats
20.10.2025

Volda Bakgårdsultra: Ny bragd av Hilmar
20.10.2025
Hermann sprang maratonkarusell i Bergen
20.10.2025

Sprintløp på Aure
18.10.2025