Svært så jamn tippekonkurranse
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2024
Mette Eik Kvalsund vart hårfint beste tippar av slutt-tida til Espen i Berlin.
Takk til alle som viste interesse kring Espen sitt vellukka rekordforsøk i Berlin. Han kryssa mållina på 2.27.03, tre minutt og 19 sekund under hans tidlegare bestenotering. Det utrulege er at samtlege tipparar som var i aksjon trudde Espen skulle springe under 2.30. Noko han også gjorde. Alle tipsa som vart leverte låg innanfor fire minutt, frå like under 2.30 som dårlegaste tid, til 2.25.52 som beste tid.
Her er namna til dei fire beste tipparane:
21 sekund unna: Mette Eik Kvalsund som tippa 2.27.24
23 sekund unna: Arne Emdal Sørensen som tippa 2.26.40
24 sekund unna: Øystein Bakke som tippa 2.27.27
26 sekund unna: Frank Andersen som tippa 2. 26.37
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025