Espen – syklisten som hoppa av setet og vart løpar
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2024
Heldt i dag over 17 kilometer i timen frå start til slutt, og noterte tida 2.27.03 på heilmaraton.
Espen Utgård Sæther markerte seg i ganske unge år som ein lovande syklist for Sykkylven SK. Til og med særdeles lovande vil somme hevde. Men brått såg vi namnet hans på resultatlistene for løp, på eit nivå som vart lagt merke til. Ingen her i bygda visste mykje om korleis han trena. Men i alle fall, debuten hans på heilmaraton i Oslo i 2023 vart lagt merke til i løpsmiljøet. Ei slutt-tid på 2.34-talet for ein debutant på distansen, ja, det er milevis unna kvardagskost! Og sjølv om han starta på så høgt nivå, har ytterlegare eitt års trening ført tida hans ned til 2.27.03. Kring sju og eit halvt minutt framgang på ørlite over året!
Det har nyleg vore Oslo Maraton. Heilmaraton vart der vunne på 2.25.25. Nummer to på distansen hadde 2.28.08 (over minuttet bak tida til Espen i Berlin), medan vinnaren av klassa til Espen i Oslo brukte 2.29.04. I dag vart han sjette beste nordmann i Berlin. Han vart nummer 50 i sin klasse, nummer 157 av alle menn og nummer 173 alle fullførande (kring 40 000).
Espen er relativt fersk som maratonløpar, men gjennomføringa av løpet i Berlin, hadde ikkje dei mest garva i landet kunne gjort nemneverdig betre.
Sjå på desse splitt-tidene for kvar femte kilometer:
0-5 km: 17.24
5-10 km: 17.23
10-15 km: 17.25
15-20 km: 17.25
20-25 km: 17.31
25-30 km: 17.26
30-35 km: 17.23
35-40 km: 17.32
40-mål: 7.34
Lågaste fart i kilometer per time var 17,06. Høgaste fart vart 17,39 kilometer i timen, som var snittfarta frå 40 km til mål.
Beste måten å sjekke farta på:
Få deg ein time hos FunkFit Sykkylven. Varm opp etter alle kunstens reglar. Sett så tredemølla på 15 km i timen. Går det bra så skru opp til 17 km i timen. Litt raskare enn det sprang altså Espen gjennom HEILE løpet på 42 195 meter.
Tid 1. halvmaraton: 1.13.29
Tid 2.halvmaraton: 1.13.35
Her kjem Espen si eiga skildring av løpet, henta frå Strava:
- Berlin Marathon 2.27.03. Pers med godt over 3 min! Vakna med sår hals, og var usikker på om det her kom til å gå. Kjende heldigvis ikkje noko til det undervegs.
- Perfekt temperatur, litt vind i deler av løypa. Starta bak kvinner elite og hamna raskt i ei jamn gruppe med blant andre Phily Bowden. Farta blei gradvis auka frå rundt halvvegs, så blei ein god del solo og på halvdistanse til mål. Fint å ta igjen ganske mange frå 30 km og inn. Antydning til krampe frå 35 km.
- Sjeldan god dag! Jamt disponert gjennom heile løpet. Mykje å gi heile vegen og aldri følelsen av smellen. Totalt 7,5 min forbetring frå mitt fyrste maraton i Oslo i fjor. Går rett veg, men blir nok ei stund til neste maraton!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025