Førjulsmessa treng vinstar til basarbøkene
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Okt 2024
Velledalen IL jaktar gode sponsorar som vil gje oss gåver til basarbøkene.
Kvart år har vi ei rekkje gode givarar med stort sprik i varespekter. Handarbeidsprodukt, matprodukt, klubbklede av ulik sort, ved, blomar og gartneri-produkt, kunst/handverk og kolonial-kasser. Nærast kva som helst kan nyttast til vinstar.
Vi set stor pris på, om dei som vil gje oss ei gåve vi kan nytte som vinst under Førjulsmessa, melder frå såleis:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Helst seinast 15.oktober
NB! Førjulsmessa vert i 2024 arrangert 9. og 10.november
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025