Oktoberløpet nærmar seg!
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Okt 2024

No er det berre få dagar att til årets markering til støtte for Rosa Sløyfe aksjonen!
Påmeldingane sig inn, og det er plass til alle som har lyst å gi sitt bidrag til Kreftforeninga og samtidig vise si støtte til livsviktig forskning.
Barneløpet startar kl 13.30 og har ei kort løype som passar godt for dei yngste . Vel i mål, vankar det saft, flott medalje og ei lita gåve frå Gjensidige.
Hovudløpet startar kl 14.00, etter oppvarming frå kl 13.45, til fengande rytmar.
Sykkylven handelsforening har gitt oss gåvekort som trekkast på startnummeret til deltakarar. Og startnummeret kan også takast med på Raus innan kl 18 på laurdag og få 20% rabatt på mat.
Altså mange gode grunnar til å legge laurdagsturen til sentrum for å delta i Oktoberløpet! Husk at det kan vere lurt å vere ute i god tid, sånn at du er på plass når startskotet går!
Håpar vi sjåast!
P.s. Spørsmål kan rettast til Alf Petter Bøe eller Anita Mosby Nakken
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025