Finfin 7.plass til Njål under NM landevegsløp
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Okt 2024
I fjor brukte Njål 32.54 og fekk 2.plass, under årets NM stogga klokka på 33.00
Totalt fekk Velledalen IL tre mann inne mellom dei 105 beste, uansett klasse, under NM i landevegsløp 10 km sør for Hønefoss laurdag. Ikkje så fælt mange klubbar var betre enn Constantin Rust (31.57), Njål Tyssing (33.00) og Espen Sæther (33.00).
Njål vart i 2023 nummer to i klasse M 40-44 under Hytteplanmila på 32.54. Laurdag sprang han seks sekund seinare og vart nummer sju i same klasse. Med det resultatet fekk han den beste klassevise plasseringa av Velledalen IL sine tolv fullførande løparar.
Resultat NM 10 km landevegsløp laurdag 19.oktober:
1.Andreas Penne Nygård, Sandnes IL, 30.55
2.Geir Endre Rogn, Fjellblom IL, 31.13
3.Bjørnar Ustad Kristensen, Sandnes IL, 31.45
4.Jarle Wermskog, Royal Sportsklubb, 32.06
5.Espen Kristiansen, Gular IL, 32.37
6.Ronny Losoa, Sigdal Friidrettsklubb, 32.54
7.Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 33.00
8.Magnus Thorkildsen, Sørfjell IL, 33.25
9.Hans Christian Aarnes, Nittedal IL, 33.28
10.Nils-Ingar Aadne, Andebu IL, 33.45
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
07.04.2025

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025

Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
06.04.2025

Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
06.04.2025

Andreas sprang Campus-løpet i Ålesund
06.04.2025