Gratis-start for Espen i København i 2025
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Okt 2024
Fleire av løparane våre har byrja leggje planar for 2025-sesongen.
Sesongen 2024 lakkar mot slutten. Men ikkje heilt enno. Her lokalt har vi oktoberløp i Ålesund komande helg, vinterkarusell i november og desember, før julefreden kan senke seg. Eigentleg er det løp året rundt, men mykje av springinga i den mørkaste årstida vert som treningsløp å rekne.
Rykta seier elles at Constantin Rust leikar med tanken om eit heilmaraton i Valencia tidleg i desember, så alle er nok ikkje heilt ferdige enno.
Fleire har så smått byrja spikre 2025-sesongen. Vi veit at Njål Torillson Tyssing har vunne seg maraton-start i Tokyo vinteren 2025 etter ei lodd-trekking med nokså små vinnarsjansar. Under Hytteplanmila vart det kjent at Espen i kraft av sine prestasjonar i 2024, hadde fått vite at han fekk gratis-start i elite B under København-maraton 2025. Då byrjar det svinge her. På fotoet ser vi Grethe Helen Tynes er frampå med ein fortent gratulasjon.
Kor mange frå Velledalen IL som spring i Ålesund komande helg er usikkert. Men vi vert heilt sikkert representert. Nettsida held deg oppdatert.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025