Løp på Hareid og Ålesund før nyttår.
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Nov 2024

Hareid har vinterkarusell i morgon (2.november), Ålesund veka etter.
Dei fleste har oppsummert 2024-sesongen. Men det finst løp å delta i fram mot nyttår, anten ein satsar på ei sterk tid, eller berre vil ta løpa som trening. Om Velledalen IL vert representert på Hareid laurdag 2.november veit vi lite om, men vi stiller truleg ein bra tropp i Ålesund laurdag 9.november, sjølv om det kolliderer med Førjulsmessa.
Men det store løpet som står att i nærområdet før vi skriv 2025, er Ålesund Nyttårsmaraton. Der er distansane 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Påmeldinga har kome bra i gang. Rett nok ingen frå Velledalen IL enno, men likevel ei «småbombe» av ein kar med farsopphav frå Velledalen. Jon-Michael Vanebo (Fornebu) er nemleg påmeld på heilmaraton i Ålesund. Bjørn Vanebo er faren, Roger Vanebo onkelen og Åge Vanebo sponsoren. Då er han plassert.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025