FØRJULSMESSA TAKKAR

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Nov 2024

 Arkivfoto frå 2015

Svært mange bidrog – tusen takk til ALLE!!

 

Førjuslmessa 2024 er over. Stort sett vellukka, sjølv om der nesten alltid vil vere noko ein kunne gjort betre. Det er ganske svære greier å arrangere for eitt lag åleine. Over 100 personar har levert tombola-vinstar eller kaker, kring 150 involverte totalt, alle gjeremål inkludert.

 

Største jobben er det Myriam Van Wunsel som har gjort. Ho har jobba med 2024-messa truleg stort sett dagleg etter fellesferien. Myriam har opplegg og regi på alt som har med utstillarane å gjere. Og det er ikkje lite; stort eller lite bord, veggplass eller ikkje, ein eller to dagar, inne-stand eller utandørs, kva tid kan vi kome, osv. Og før alt vert fryd og gaman ved messestart laurdag klokka 11.00, skal det kjøpslåast, forhandlast, diskuterast, kranglast om viktige moment og bagatellar. Slik er det – kvart einaste år!

      Heldigvis ER Myriam sjef, og tek sjefsavgjerdene i høve til utstillarane. Samanlikna med Myriam har Velledalen IL sine folk med Ove Skylstad i spissen kremjobbar. Men personane bak skal likevel takkast:

Takk til dei som stod bak arbeidslistene og utdeling av desse!

Takk til gjengen som rigga huset opp/ned med Håkon Fet i spissen!

Takk til VIL-kasserar Tormod Klokk som hadde kontroll på den økonomiske biten!

Takk til alle som leverte/ stod for innkjøp av 1000 tombolavinstar!

Takk til dei som stod for innkjøpa av mat/drikke til messa!

Takk til alle som har baka kake!

Takk til alle som vippsa pengar til kake/tombolavinstar.!

Takk til dei som jobba på kjøkkenet!

Takk til som stod for sal av klede frå VIL-kolleksjonen!

Takk til parkeringsvaktene!

Takk til dei som stod for annonsering/ delte ut flygeblad!

Takk til dei som selde lodd på basarbøker/tombolalodd!

Takk til dei som heldt vakt i grendahuset etter stengetid laurdag og natt til sundag!

 

Vidare:

Takk til alle utstillarane – utan dei inga messe!

Takk til alle som kom å handla – særs viktig for at utstillarane skal kome att!

Takk til alle som stakk innom for å smake på kaffien og kakene (gode sveler forresten)!

Takk til alle som heldt seg heime – takka vere dei slapp vi kaos både ute og inne


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.