Neste store Velledalen IL-arrangement
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Nov 2024
Romjulsmarsjen har eksistert sidan 1979. I år skriv vi 2024!
Romjulsmarsjen vert altså neste store VIL-arrangement. Med fast dato 26 desember (2.juledag). Romjulsmarsjen kom til Velledalen i 1979, og sidan vi i år skriv 2024, er det snakk om lang fartstid. Når vi samlast på grendahuset 2.juledag 2024 er det 45 år sidan fyrste samlinga med Velledalen skule(!) som base i 1979. Romjulsmarsjen har såleis vore eit slitesterkt konsept, der ein dyrkar kombinasjonen av mosjon og det sosiale. Dette er trimgruppa sitt arrangement. Dei kan korleis dette skal gjerast – det er berre å glede seg til datoen er der.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025