TRIMPOSTAR: TOPP-10 SAMANLAGT
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Nov 2024

6.plassen gjekk til Hjorthols-kvinne som har vore innom 13 av 15 postar siste året.
Anita Lindis Hjorthol tok ei ny topp-10 plassering for perioden oktober 2023 til oktober 2024. Slike har det vorte mange av gjennom åra. Hovudsankinga av poeng har Anita gjort på Koppen (740 poeng) og i skogsvegen Hjorthol (250 poeng). Dei to turane kan samkøyrast og har skaffa 990 poeng. Vidare har ho 329 poeng på Vellesætra og 140 på Brunstadsætra. 68-åringen har lagt bak seg 296 turar siste året, og på desse turane sit ho att med 1610 poeng. Einaste postane ho ikkje har frekventert er Høgsætra Fet og Dammen Riksheimdalen.
Nedre halvdel av topp-10 ser då slik ut for siste året:
6. Anita Hjorthol 1610 poeng – 296 turar
7. Nils Terje Skylstad 1505 poeng – 265 turar
8. Inger Anne Brunstad 1428 poeng – 313 turar
9. Einar Magne Fet 1381 poeng – 376 turar
10. Bård Per Erstad 1295 poeng – 185 turar
Like ved: Ruth Kalvatn 1288 poeng
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025