Rapport om sportsleg aktivitet - Velledalen IL 2024
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Nov 2024
Samla har 73 personar konkurrert med deltaking i kring 750 startar for Velledalen IL
Idrettsåret 2024 er ikkje heilt slutt endå. Men vi har ganske så god kontroll på det som har hendt, og det vesle vi har att av sesongen. Aktiviteten siste året har vore rekordstor, med ei rekkje nye klubbrekordar og personlege rekordar i målbare idrettar.
Her kjem nokre nøkkeltal for 2024:
- 73 ulike personar har konkurrert for Velledalen IL utanfor Sykkylven kommune. Her gjeld altså ikkje Barnas Fjellsæterrunde, lokale cuprenn og bygdameisterskap langrenn, Konradløpet, MiniKonrad, Koldabakken Opp eller Oktoberløpet (Rosa Sløyfe).
- Dei har konkurrert i idrettane langrenn, orientering, hinderløp og springing (løp)
- Desse 73 har mellom 1-21 deltakingar kvar.
- Samla startar for dei 73 er kring 750.
- Set vi gjennomsnittleg startkontingent til kr 400,- har løparane våre brukt 300 000 kroner berre i startkontingent.
- Stipulerte utgifter til reising, overnatting, utstyr/sko, trening, skadeførebygging og anna som høyrer med, kjem på kring 700 000 kroner.
- Ein svært liten del av millionen som er brukt vert betalt av Velledalen IL. Truleg nærare 5 prosent enn 10.
- Velledalen IL har mange små og mellomstore sponsorar, ingen STORE.
- Takka vere desse 73 utøvarane er Velledalen IL i stand til å arrangere store arrangement som Førjulsmessa åleine, eit arrangement det på det meste har vore fire arrangørar for å få i hamn.
- Mellom anna difor er desse 73 med i trekninga av eit par ekstra gode løpssko frå Løplabbet i Bergen like før jul.
NYE KLUBBREKORDAR SÅ LANGT I SESONGEN 2024:
3000 meter baneløp: 9.06.52 – Njål Torillson Tyssing (Bislett, Oslo)
5000 meter baneløp: 15.45.03 – Njål Torillson Tyssing (Bislettmila, Oslo)
5 km landeveg: 16.01 – Espen Utgård Sæther (Karuselløp, Bergen)
10 km landeveg: 31.36 – Constantin Rust (10 for Grete, Oslo)
Halvmaraton: 1.10.03 – Espen Utgård Sæther (Drammen halvm, Drammen)
Heilmaraton: 2.27.03 - Espen Utgård Sæther (Berlin Maraton, Berlin)
På kvinnesida er det ikkje sett nye klubbrekordar hittil i 2024.
Men vi tek med BESTETIDENE på dei ulike distansane sesongen 2024:
5 km landeveg: 20.38 – May Evy Nesheim (Karuselløp Ålesund)
10 000 m bane: 40.12 – Anette Heimli Jokstad (Bislett innandørs, Oslo)
10 km landeveg: 41.24 – Ellen Marie Hole (10 for Grete, Oslo)
Halvmaraton: 1.35.00 – Erika Oginte (Gloppen halvm, Gloppen)
Heilmaraton: 4.23.52 – Emma/Christina Holmberg (Trondheim Maraton)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025