Velledalen IL takkar for grasrot-kroner
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Des 2024
November-resultatet vart 2831 kroner frå 100 ulike givarar.
2831 månads-kroner er eit «midt-på -treet»-resultat. Beste månad hittil i 2024 er august med 3138 kroner, svakaste månad er februar med 2124 kroner. Talet givarar har i kalenderåret 2024 variert mellom 97-100. Med andre ord ganske stabilt. Alt tyder på at vi på årsbasis vil ende på 33 000-talet ein stad (33 176 i2023). Årsrekorden skriv seg frå 2022 og lyder på 38 256 kroner.
Takk til alle som støttar Velledalen IL gjennom denne ordninga!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025