Vinterkarusell i Ålesund 14.desember
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Des 2024
Arkivfoto frå 2020
Friidrettsleiaren reknar med fyldig tropp frå Velledalen IL
2.løp i Ålesund Vinterkarusell vert arrangert laurdag 14. desember. Som vanleg med start/mål i Fremmerholen. Startskotet smell 14.00, distansane er 5 km og 10 km. Tysdag kveld klokka 19.00 hadde ti løparar meldt seg på. Ingen av desse frå Velledalen IL. Men friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, seier til VIL-Nett at han reknar med ein fyldig tropp frå Velledalen IL under årets siste karusell-løp.
Vi minner også om at Nyttårsmaraton med start/mål på Moa vert arrangert sundag 29.desember. Same dag som Velledalen IL sin Idrettsgalla. Her er distansane 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. 10. desember klokka 19.00 hadde 86 løparar meldt seg på. Flest på halvmaraton. Heller ikkje her hadde Velledalen IL sine løparar starta påmeldingane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025